Personvernerklæring

Ansvar

Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa – Naturfagsenteret – er ansvarleg for drift og vedlikehald av språksterk.no.

Informasjonskapslar

Språksterk.no brukar ikkje informasjonskapslar med mindre du er forfattar som loggar på, sjå nedanfor.

Innebygd innhald frå andre nettstadar

Enkelte sider på nettstaden har innebygde videoar frå Vimeo. Desse blir lasta med parameteren Do Not Track (dnt=true) som gjør Vimeo ikke sporer sesjonsdata eller bruker informasjonskapsler (cookies) og analyseverktøy.

Statistikk over besøk

Vi brukar loggar frå webserveren til å generere statistikk over besøk på språksterk.no. Behandlingsgrunnlaget for generering av anonym statistikk er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillet oss å behandle opplysningar som er nødvendig for å vareta ei berettiga interesse som veg tyngre enn omsynet til personvernet hos den enkelte. Den berettiga interessa er å forbetre og vidareutvikle nettsida.

For forfattarar på nettstaden

Vi lagrar personleg informasjon som forfattarar ev. gir opp i brukarprofilen. Alle innlogga brukarar kan sjå, redigere eller slette sin personlege informasjon når som helst (bortsett frå at dei ikkje kan endre brukarnamnet sitt). Nettstadsadministratorar kan også sjå og redigere denne informasjonen.

Informasjonskapslar:

  • Når du besøker påloggingssida vår, vil vi sette ein førebels informasjonskapsel for å avgjere om nettlesaren din godtek informasjonskapslar. Denne informasjonskapselen inneheld ingen personlege data og blir forkasta når du lukkar nettlesaren din.
  • Når du loggar inn, vil vi også sette opp fleire informasjonskapslar for å lagre påloggingsinformasjonen og skjermvisningsvala dine. Innloggingsinformasjonskapslar varar i to dagar, og informasjonskapslar for skjermalternativ varar i eitt år. Viss du vel «Hugs meg», vil pålogginga vare ved i to veker.
  • Viss du loggar ut av kontoen din, vil informasjonskapslane for pålogginga bli fjerna.
  • Viss du redigerer eller publiserer ei side, vil ein ekstra informasjonskapsel bli lagra i nettlesaren din. Denne informasjonskapselen inneheld ingen personlege data og indikerer berre post-ID-en til sida du nett redigerte. Informasjonskapselen løper ut etter éin dag.

Kontaktinformasjon

post@spraksterk.no